Tala til Byggfag betre enn frykta

Publisert

Foto: NHO Byggenæringen

Søketala for vidaregåande opplæring er no klare, og det er i 2024 3,6 prosent færre som har søkt VG1 bygg- og anleggsfag på førsteplass. - Samstundes ser vi gledeleg nok at søkinga til yrkesfaga er rekordhøg, seier kompetansedirektør Kjetil Tvedt i NHO Byggenæringen.

- Det kunne vært verre. Ser vi oss tilbake finn vi tilsvarande nedgang i søketala til byggfaga i finanskrisa i 2008 (ned rundt 25%) og i oljekrisa i 2014 (ned rundt 16%). Nedgangen er såleis ikkje overraskande. Nedgangen kunne nok vore større om ikkje bedrifter, bransjar, opplæringskontora og vi hadde hatt kampanjar retta mot unge og foreldre fortsette Tvedt.

Søketall Byggfag 24.jpgMen historia viser og at konjunkturane snur. Elevar som startar på VG1 i 2024 vil bli lærlingar i 2026 og vere ferdig utdanna i 2028. - Byggenæringa er tufta på kompetanseoverføring mellom generasjonar, og lærlingordninga er fundamentet vårt, fortsette Tvedt.

I NHO sitt kompetansebarometer frå hausten 2023 rapporterte nesten 75 prosent av bedriftene i NHO Byggenæringen at dei i stor eller nokon grad har eit udekka kompetansebehov innanfor handverksfaga. 7 av 10 bedrifter frå NHO Byggenæringen har forsøkt å rekruttera det siste året, utan å få tak i ønska kompetanse.

Andelen jenter som søker VG1 bygg- og anleggsteknikk er ned 1 prosentpoeng, fra 10,5% til 9,5%. – Her har me definitivt ei jobb å gjera. Me ser at fleire jenter søkjer elektrofag og teknologi- og industrifag, men me har ikkje same utviklinga for byggfaga, sier Tvedt.

Boligprodusentane melder i 2024 om rekordlågt sal og igangsetting av nye boligar, noko som gir eit underskott av boligar. Når renta går ned vil boligygginga ta seg opp igjen, og behovet for faglærte auke tilsvarande. - Byggenæringa er svært bekymra for at vi fram mot 2028 vil mangle fagfolk til å ta igjen etterslepet vi no byggjer opp på boligbygginga. Skal me greie å ta igjen dette vil me trenge fleire lærlingar og fagarbeidarar.

NHO Byggenæringen er særleg bekymra for at det vil bli mangel på lærlingar og faglærde i fag som taktekking, murar, anleggsgartnar, blikkenslagar og malar. Med lærlingklausul i offentlege byggeprosjekt vil lærlingane bli plassert inn i desse prosjekta, og forsterke underdekninga av lærlingar i privat sektor. - Næringa treng i år fleire elevar på byggfag, ikkje færre. Skal vi få til dette må fylka dimensjonera utdanningane ut frå behovet i næringa. Elevar som har byggfag på andre eller tredjeplass må hausten 2024 få tilbod om plass i byggfag, på bekostning av førsteval i andre fag. Dette vil vere i tråd med den nye opplæringslova som trer i kraft 1. august 2024, der fylka nettopp skal dimensjonere utdanningstilbodet ut frå arbeidslivets behov, fortsette Tvedt.

- Fleire lærlingar i mindre fag er særdeles god næringspolitikk. Skal me ha eit mangfaldig næringsliv i distrikta må det være mogleg å rekruttera lokal ungdom til lokale arbeidsplassar, og då trengs det prioritering frå politikarar på alle nivå, seier Tvedt.

- Kommunane må koble næringspolitikk og utdanning, og rådgjevarar må gje elevane informasjon om kva utdanningar som gir jobb lokalt. Fylka må dimensjonere utdanningstilbodet ut frå behovet i arbeidslivet, ikkje ut frå elevane sitt fyrsteønskje. Skal me avdekke behovet i arbeidslivet må staten laga eit nasjonalt verktøy som kartlegg behovet ved å spørje bedriftane om dei treng lærlingar. Bedriftane og me i NHO Byggenæringen må på vår side framleis bidra med rekrutteringstiltak som gjer at fleire elevar vel våre fag i åra som kjem, avslutter Kjetil Tvedt.